Artikkel i Hallingdølen 12. oktober 2013

Motsatsen av stress er overskot. Men korleis skal ein oppnå overskot?
– Dette kan høyrest skummelt ut, men folk treng å kome i kontakt med seg sjølv. Ikkje berre i sinnet, men og gjennom kroppen, seier ei blid Siri Hole Stensson. Ho er ernæringsterapeut og kosthaldsrettleiar og driv Lev Lyst på Geilo. Ho jobbar til dagleg med naprapat Kathrine Eliassen. 19. og 20. oktober arrangerer Siri eit kurs i stressmeistring på Highland Lodge i lag med ei venninne frå Bærum. Dei vil lære deg korleis du med enkle øvingar og bevegelsar kan frigjere deg frå stress. Det handlar om å
puste!

Toyni-hallingdolen